Opning av ny skulefløy ved Hornindal skule

Har du lyst å sjå korleis det nye bygget ved Hornindal skule ser ut?

Den nye skulefløyen ved Hornindal skule er klar for bruk etter haustferien.

I samband med dette ynskjer Hornindal kommune å invitere innbyggjarar og andre interesserte på synfaring.

Skulefløyen vil vere open for dei som ønskjer å sjå seg rundt i det nye bygget måndag 14. oktober mellom kl. 14:30-17:00.

Alle interesserte er velkomne!

FOTO: AM Aalberg