Oppstart av prosjektet «digital kompetanse i kommunane»

Nye Volda kommune er med i landsomfattande prosjekt i regi av Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

Denne veka hadde utviklingsprosjektet «digital kompetanse i kommunane» sitt startskot. Oppstartskonferansen vart arrangert på Gardermoen, der dei deltakande kommunane deltok anten fysisk eller via nettstrømming.

– Det var mykje spanande som vart sagt. Dette viser tydeleg at dette er forankra heilt frå Regjeringa og nedover, seier den nytilsette digitaliseringsrådgjevaren i Nye Volda, Paul Ottar Tornes.

– Eg likte veldig godt fokuset på at digitalisering ikkje er IT. Digitalisering handlar mykje om å gjere kommunale tenester enklare å nytte for innbyggjarane. I tillegg handlar det også om å frigjere meir tid for tilsette i kommunen til å fokusere meir på yrkesfaglege oppgåver, legg Tornes til.

– Digitalisering er noko positivt

Dette er eit utviklingsprosjekt som har som mål å gjere kommunesektoren meir digitaliserte, og det er heile 40 delprosjekt i «digital kompetanse i kommunane».

Prosjektet har også eit mål om å skape ei forståing for den organisasjonsutviklinga og omstillinga som digitalisering fører med seg.

Tornes synest det er bra, for Nye Volda sin del, at både administrativt tilsette, tillitsvalte og politikarar er med.

– Eg håper dei tillitsvalte ser at digitalisering ikkje er noko stort og skummelt, men at det er noko positivt som vil kunne gjere arbeidsdagen lettare for dei tilsette, seier digitaliseringsrådgjevaren.

Mellom anna trekk Tornes fram døme på at digitalisering kan bidra til at tilsette kan få meir tid til å jobbe med det dei brenn for innanfor sitt fagfelt, i staden for å gjere repeterbare, manuelle prosessar.

**

Nye Volda kommune er éi av totalt 71 kommunar som deltek i prosjektet, og er representert ved:

  • Stig Olav Lødemel, leiar i Fellesnemnda for Nye Volda kommune
  • Paul Ottar Tornes, prosessleiar digitalisering
  • Inger-Johanne Johnsen, sektorsjef kultur og service (Volda kommune)
  • Svein Berg-Rusten, helse og omsorgssjef (Volda kommune)
  • To tillitsvalte