Oppstart for Partssamansett Utval

Måndag 9. oktober hadde Partsamansett Utval sitt første møte.

Utvalet vart oppretta etter vedtak i Fellesnemnda 20.06.2017, og Jørgen Amdam (ordførar i Volda) er vald som leiar.

Møtet starta med å gå gjennom mandatet som representantane fekk etter dette vedtaket i Fellesnemnda. Det partssamansette utvalet skal gi fråsegn i saker som omhandlar overordna personalpolitiske spørsmål, retningsliner og planar i samband med kommunesamanslåinga.

Med andre ord er det partssamansette utvalet Fellesnemnda sitt utval for handsaming av prinsipielle saker som gjeld tilhøve mellom den nye kommunen som arbeidsgjevar og dei tilsette.

Les meir om PSU her!

Omstillingsavtale er førsteprioritet

Vidare var PSU samde om at arbeidet med ei omstillingsavtale var det som skal prioriterast først. Administrasjonen har tidlegare gjort ei kartlegging av personalmessige tilhøve i dei to kommunane. Her er blant anna særskilte faktorar knytt til ei omstillingsavtale omtala.

Omstillingsavtalen skal vedtakast av Fellesnemnda. Det er ønskjeleg at dette blir gjort så snart som råd, seinast ved utgangen av januar 2018.

Vedlegg: Særlege forhold i ein omstillingsavtale

Reglement og strategi

I den nemnde kartlegginga av administrasjonen, har dei to kommunane sine personalreglement og rutinar på viktige områder blitt sett på. Korleis det vidare arbeidet med dette skal organiserast vart det ikkje sagt noko om, men PSU kjem attende til saka ved eit seinare tidspunkt.

Avslutningsvis på møtet hadde PSU oppe ei sak om at det bør skisserast korleis ein tenkjer sjølve prosessen knytt til utarbeiding av ein arbeidsgjevarstrategi for den nye kommunen. Denne saka skal så opp i Fellesnemnda.

Fullstendig møteprotokoll frå møtet finn du her: Møtereferat PSU 091017