Oppsummering av Fellesnemnd-møte 1. februar 2018

Torsdag møttest Fellesnemnda for første gong i 2018. Her er ei oppsummering av møtet.

Utanom godkjenning av innkalling og sakliste var det tre saker som skulle vedtakast. Det var møteplan for Fellesnemnda i 2018, forankring av mandatet til temakomiteen for heraldikk og omstillingsavtale i samanslåingsprosessen.

I saka om møteplan vart det føreslege å endre på datoane, slik at møta vert torsdagane (som før) i staden for måndagane (som føreslegen i saksframlegget). Fellesnemnda såg derfor på nye datoar. Desse datoane vil stå i møteprotokollen.

Saka om forankring av mandat til Heraldikknemnda vart også samrøysta vedteken, med eit tillegg om at Fellesnemnda er nøgde med arbeidet komiteen har gjort så langt og at nemnda ønskjer ein framdriftsplan til neste møte i Fellesnemnda (22. februar).

Til slutt av behandlingssaker vart omstillingsavtalen samrøysta vedteken. Eiga sak om dette også kjem.

Orienteringar

Siste halvdel av møtet vart det orientert om totalt ni saker:

  • Odd Harald Sundal orienterte kort om status for kulturbyggingsarbeidet.
  • Rune Sjurgard heldt ein presentasjon om interkommunalt samarbeid for Nye Volda
  • Kort orientering om budsjettet og økonomiplan knytt til kultur
  • Oppvekstsjef i Volda gav ei kort utgreiing om si vurdering av Nye Volda som «språkkommune»
  • Stig Olav gav ei kort utgreiing rundt prosessen ved eventuell grensejustering ved Bjørke/Viddal
  • Stig Olav Lødemel gav også ei kort utgreiing av prosessen rundt den vedtekne grensejusteringa ved Kjøs/Maurset
  • Kort orientering om at Nye Volda har fått tildelt kommunenummer.
  • Kort orientering om at det har kome forskrift i norsk lov om at Hornindal og Volda skal slåast saman 01.01.2020.
%d bloggers like this: