Oppsummering av Fellesnemnd-møtet 22. februar

Uttale til Bjørke-utgreiinga og dato for nytt kommunevåpen var to av sakene på dagsordenen.

Etter godkjenninga av innkalling, sakliste og protokoll frå sist møte gjekk Fellesnemnda rett på sak om uttale rundt ei eventuell grensejustering ved Bjørke.

Hovudtemaet i diskusjonen var i kor stod grad Nye Volda skulle ha ei mening for eller imot ei grensejustering.

Eldar Engelund (SP), Bente Tryggestad (SP) og Odd Harald Sundal (SP) fremja eit felles forslag om alternativt vedtak til administrasjonen si tilråding der Fellesnemnda ikkje tilrådde grensejustering.

Jørgen Amdam (AP) med fleire fremja eit nytt forslag om å modifisere administrasjonens tilråding slik at Fellesnemnda ikkje har ei konkret meining for eller imot, men ønskjer Bjørke og Viddal velkomne til Nye Volda dersom dette skulle bli utfallet etter handsaming hos Kommunal- og Moderniseringsdepartementet.

Fellesnemnda gjekk så samrøystes inn for Amdams forslag.

Interkommunalt samarbeid

I høve tenesteproduksjon i den nye kommunen tilrådde administrasjonen at Nye Volda ser mot Søre Sunnmøre og Sunnmøre.

Sidan den nye kommunen vil tilhøyre Møre og Romsdal fylke vil det vere ei tilsvarandre tilknytning til regional statsforvalting og helseføretak.

Vidare i saksutgreiinga påpeikar likevel administrasjonen at for politisk interessesamarbeid og utviklings-/næringssamarbeid vil det vere rom for også å gå i ulike retningar. Dette vil ein kome tilbake til ved eit seinare tidspunkt.

Fellesnemnda gjekk samrøystes inn for administrasjonens tilråding.

Orienteringssaker

I dette møtet var det mange saker av ulik karakter, både store og kompleks – og nokre meir rett fram.

Første orienteringssak var sluttrapporten til prosjektet Ny næring på gamle tufter, eit prosjekt som har forsøkt å få så god oversikt som mogleg over tilhøva i området. Målsettinga har vore å sikre og utvikle nye arbeidsplassar innanfor naturbaserte næringar i kommunane Stranda, Ørsta, Volda, Stryn og Hornindal.

Vidare gjekk Fellesnemnda til framdriftsplan for arbeidet med nytt kommunevåpen og ordførarkjede. Temakomiteen for heraldikk føreslår følgjande framdriftsplan:

  • Før møtet i Fellesnemnda 19. april 2018 leverer Heraldikknemnda endeleg forslag til nytt kommunevåpen for Nye Volda.
  • Før møtet i Fellesnemnda 21. juni 2018 leverer Heraldikknemnda forslag til val av motiv for medaljongane i den nye ordførarkjeda for Nye Volda.
  • Før møtet i Fellesnemnda 6. september 2018 leverer Heraldikknemnda ferdig forslag til ordførarkjede for Nye Volda.
  • Heraldikknemnda tek sikte på å overlevere ferdiglaga ordførarkjede til Volda kommune tidleg på hausten 2019 etter nærare avtale med Fellesnemnda.

I den tredje orienteringssaka presenterte prosjektleiar Rune Sjurgard sitt forslag til ny administrativ hovudstruktur i Nye Volda. Dette forslaget vert no lagt ut på høyring, med frist innan 15. mars.

Jørgen Amdam gjekk også raskt gjennom forslag til reglement for dei politiske nivå, der ein ser føre seg tre tenesteutval i tillegg til lovpålagte nivå (kommunestyre og formannskap).

Den femte orienteringssaka omhandla nye vegnamn i den nye kommunen, ettersom både Hornindal og Volda har ein del namn som er like eller tilsvarandre like. Det vert jobba med dette fram mot sommarferien for å eventuelt endre vegnamn der det vert aktuelt.

Avslutningsvis vart det to korte orienteringar om at Volda/Hornindal er deltakarar i partssamarbeid om digital kompetanse, og at politidirektoratet ser føre seg at Nye Volda kommune vil frå 2020 tilhøyre Møre og Romsdal politidistrikt.