Oppsummering av Fellesnemnda 6. september 2018

Slik var første møte i Fellesnemnda etter sommarferien.

Det var eit tettpakka program som skulle rekkjast over i løpet av møtet, med totalt fire vedtakssaker og fem orienteringssaker – i tillegg til éi orienteringssaker.

På to timar og 10 minutt gjekk nemnda derimot relativt raskt gjennom saklista.

Her er ei oppsummering av sakene:

Innkalling, sakliste og møteprotokoll

Fellesnemnda hadde lite å utsetje på nokon av desse punkta, og alle tre vart samrøystes godkjent.

Økonomirapport

Fellesnemnda tok rapporten til vitende, og leiar Stig Olav Lødemel syntest det var positiv at ein i alle fall ikkje har brukt meir pengar enn budsjettert så langt.

Fulgte du møtet på Snapchat? Viss ikkje, følg vår konto!

Grafisk profil

Fellesnemnda var samde om at ei profilhandbok for nye Volda kommune var fornuftig, og framlegg til prosess for denne grafiske profilen vart samrøystes godkjent.

Det vert i tillegg lagt opp til ein parallell prosess med slagord for den nye kommunen.

Politisk organisering og reglement for utval

Det var svært brei semje om Organisasjonskomiteen sitt framlegg til vedtak. Det største samtaleemnet var om tenesteutvala skal eller bør vere representerte av minst fem (av ni) kommunestyremedlemmer.

Fellesnemnda landa på skal.

I tillegg vart det lagt fram eit alternativt vedtak frå prosjektleiaren, der Fellesnemnda vedtok berre den politiske organiseringa og reglement – og så vil etiske retningslinjer og retningsliner for grendeutval bli vedteke som eigne saker ved eit seinare høve.

Prosjektleiarens framlegg vart så samrøystes vedteken.

Orienteringssaker

  • Prosjektplan ny kommune Volda-Hornindal
    • Fellesnemnda tok revidert plan til vitende.
  • Vedtak om grensejustering (Bjørke/Viddal)
    • Fellesnemnda tok vedtaket om grensejusteringa til vitende.
  • Statusrapport om samanslåingsprosjektet
    • Prosjektleiar Rune Sjurgard med grundig gjennomgang av statusen til samanslåingsprosessen.
  • Prosess med avtaler i samband med kommunesamanslåing
    • Prosjektleiar Rune Sjurgard med skissering av prosessen rundt dette.
  • Innkjøpsregelverk og organisasjonsnummer
    • OBS: Same sak som over. Lagt ved som ein intern feil.
  • Eventuell revidering av møteplan 2018
    • Det blir reist forslag om å endre møteplan for å leggje til rette for folke/-informasjonsmøter i etterkant av møter i Fellesnemnda.

Referatsaker

Fellesnemnda sine medlemmer får høve til å få tilsendt protokoll frå møte i Kyrkjeleg fellesnemnd for Nye Volda om ønskjeleg.

*

Fullstendig protokoll frå dette møtet vil bli lagt ut så snart den er ferdigstilt og godkjent.