Oppvekst: Informasjonskriv juni 2019

Til tilsette i sektor for oppvekst nye Volda kommune,

Vi nærmar oss sommaren, og det står att knappe 200 dagar til vi vert èi ny kommune. Her kjem litt oppdatert informasjon til dykk alle.

Det er gjort vedtak om korleis sektoren vert organisert frå 01.01.2020 (klikk på biletet for større visning):

Det er nyleg tilsett to nye avdelingsleiarar.

Bodil Brautaset er tilsett som avdelingsleiar barnehage. Ho får ansvar for drift av ansvarsområdet som omfattar barnehagedrift i Volda kommune, og vert med det næraste leiar for styrarane.

Lene Nupen er tilsett som avdelingsleiar skule. Ho får ansvar for drift av ansvarsområdet som omfattar grunnskule og spesialundervisning for elevar i grunnskulen samt SFO for skular med slik ordning. Vidare har avdelingsleiar ansvaret for kulturskulen.

Logoped sorterer også under ansvarsområdet til avdelingsleiar skule. Nupen vert næraste leiar for rektorane og logoped.

Dei tiltrer stillingane 01.01.2020, men vil fungere som avdelingsleiarar i prosjektstillingar i perioden 01.08.2019 – 31.12.2019. Det tyder at ein frå oppstart av komande barnehage- og skuleår vil bli drifta som ein kommune innan desse områda.

Frå før er det avgjort at Aina Øyehaug Opsvik vert avdelingsleiar barnevern med ansvar for det interkommunale barnevernsamarbeidet, og Stian Bjerkvik vert avdelingsleiar for vaksenopplæring og integrering med ansvar for grunnskule og spesialundervisning for vaksne, all norskopplæring og kvalifisering etter introduksjonslova inkludert busetting og miljøarbeid for flyktningar.

Avdelingsleiar helsestasjon vert rekruttert hausten 2019.

Eg ynskjer dykk alle ein god sommar!

Per Ivar Kongsvik
Kommunalsjef