Oppvekstsektor: Informasjonsskriv januar 2019

Her er ei oppdatering frå kommunalsjefen for oppvekst.

Komande kommunalsjef for oppvekst, Per Ivar Kongsvik, ser føre seg ei organisering der kontrollspennet til kommunalsjefen blir tatt ned, slik at han får større rom til oppfølging og støtte for dei tilsette som har han som nærmaste leiar.

Organisering av den nye oppvekstsektoren er no ute på høyring, og Kongsvik grunngir framlegget sitt slik:

«Ei organisering slik den kjem fram i dette framlegget, vil ta ned kontrollspennet til kommunalsjef. Det vil i større grad bli rom for kommunalsjef til oppfølging og støtte av dei han er næraste leiar for. Organiseringa vil gje større rom for strategisk utvikling.

Organiseringa vil bidra til ein samla sektor, og legge til rette for ei handlekraftig leiargruppe.

Organiseringa vil gje rom for tydeleg delegert mynde til avdelingsleiarar med godt kjennskap til eige fagområde, men også godt kjennskap til heilskapen i sektoren.

Med fokus på tidleg innsats, er det opna for samhandlande grupper som skal dekke alle fagområde som er relevante. Eit tydeleg utforma formål og mandat er viktig når samhandlande grupper vert sett ned. I framlegget er det utforma eit formål og mandat for samhandlande grupper. Det er behov som må styre samansetjingane av samhandlande grupper, og mandatet vert gitt av leiargruppa.

Ressurs til koordinering av samhandlande grupper vil bli lagt inn som ein del av styrkinga av helsestasjonen som er lagt inn i budsjettet for 2019.»

Framdriftsplan

Målet for sektor for oppvekst å vedta ny sentraladministrativ organisering i løpet av januar 2019.

Prosessane som går føre seg i sektorane må vere samordna, som betyr at tidspunkt for vedtak om endeleg organisering i sektor for oppvekst kan bli utsett for å sikre at den er samordna med dei andre sektorane.

Dette mellom anna for at leiarnivåa og bruk av omgrep/nemningar må harmonisere med kvarandre.

Tilsette som ynskjer å uttale seg må gjere det gjennom sin tillitsvald som formidlar vidare til hovudtillitsvald.

Høyringsfrist er sett til 25.01.2019.

Leiargruppe og ass. kommunalsjef

I framlegget til organisering er det i kommunalsjefens stab sett inn ein funksjon som assisterande kommunalsjef.

Denne funksjonen vil vere kommunalsjefens faste avløysar og vil møte i kommunalsjefens stad om det vert behov for det. Ifølgje Kongsvik vil denne funksjonen truleg bli lagt til ein av avdelingsleiarane og blir peikt ut av kommunalsjefen.

Leiargruppa til kommunalsjefen har sitt føremål å bidra til at sektoren når sine mål. Denne gruppa skal samordne, fordele ressursar og lage planar og strategiar.

Kongsvik informerer om at denne gruppa vil ha ein nær optimal storleik, slik framlegget i organiseringa legg opp til.

Ønskjer samhandlande grupper

– Behovet for samhandlande grupper på tvers av fagområde er ofte synleg, påpeikar Kongsvik.

Kommunalsjefen er klar på at han ikkje har mandat til å avgjere kva typer samhandlingsgrupper sektoren skal ha, men ynskjer likevel å få innspel, tankar og meiningar kring samhandlande grupper og kva behov som må stettast.

Samhandlande grupper bidra til meir heilskapleg tenking kring tenestene i sektoren og koordinere tilboda til barn og unge.

Du kan lese heile informasjonsskrivet her: Infoskriv januar 2019 – Oppvekst