Oppvekstsektor: Informasjonsskriv nr 1

Informasjonsskriv frå kommunalsjefen for oppvekstsektoren.

Til tilsette, tillitsvalde og verneombod i sektor for oppvekst i Nye Volda kommune.

I samband med samanslåing av Hornindal og Volda kommunar, er det vedteke ny hovudstruktur for administrativ organisering i den nye kommunen.

Tenesteytinga er delt inn i tre sektorar:

  • Oppvekst
  • Helse og omsorg
  • Samfunnsutvikling

Tenestene som hovudsakleg rettar seg mot born og unge er samla i sektor for oppvekst:

  • Barnevern
  • Jordmor, helsestasjon, kommunepsykolog
  • Barnehage
  • Grunnskule
  • Kulturskule
  • Volda læringssenter – busetting, opplæring og kvalifisering
  • Logoped

Ulstein er vertskommune for PP-tenesta. Oppvekstsjef er Volda kommune sin representant i samarbeidsorganet for denne tenesta, og er pr i dag leiar for samarbeidsorganet.

Organisering av sektor for oppvekst

I tida fram mot samanslåing av kommunane, 01.01.2020, skal organiseringa av sektoren vurderast. Måla for denne prosessen er skildra i eige prosjektnotat, dagsett 14.06.2018. Sjå også informasjon frå rådmannen.

Det er i første rekke struktur og organisering av dei sentraladministrative oppgåvene som vil bli vurderte og få merksemd i tida som kjem.

Viss ein ser behov for å vurdere endringar i organisering/leiing av einingar i sektoren, vil det skje i eigen/eigne prosessar på eit seinare tidspunkt.

Involvering og medverknad i prosessen

Kommunalsjef for oppvekst har sett ned ei ressursgruppe som skal følgje prosessen i tida framover.

Tenesteområda og dei tilsette er representerte gjennom leiarar frå tenesteområda og hovudtillitsvalde, og har slik samansetjing:

  • Per Ivar Kongsvik kommunalsjef oppvekst
  • Idar Holen HTV Utdanningsforbundet Hornindal
  • Sirikit Vågen HTV Utdanningsforbundet Volda
  • Hermod Halse HTV FO Volda
  • Aina Ø. Opsvik leiar barneverntenesta
  • Toril Høydal leiar helsestasjon
  • Anita Kristin Olsen styrar barnehage
  • Monica Ertresvåg rektor grunnskule

Ressursgruppa har hatt sitt første møte 23.08.18. Gruppa har følgjande mandat:

  1. Representere dei tilsette i sektoren og ivareta medverknad
  2. Vere støttespelarar og rådgjevarar for planlagde aktivitetar
  3. Kome med innspel og tilbakemeldingar frå organisasjonen
  4. Vere høyringsorgan ved vegval

Prosjektplan/milepålar

(klikk på biletet for større visning)

(Klikk på biletet for større visning)

Leiarsamling 18. – 19. oktober

Leiarar, hovudtillitsvalde og hovudverneombod vert samla i Loen 18.- 19.oktober.

På denne samlinga skal ulike alternativ for den sentraladministrative organiseringa vurderast, og danne grunnlag for kommunalsjef sine vurderingar og framlegg til sentraladministrativ organisering av den nye sektoren.

Informasjon

Du finn meir informasjon om kommunesamanslåinga på heimesida www.NyeVolda.no.

Kven skal eg vende meg til når eg har spørsmål?

Viss du som tilsett har spørsmål, kommentarar eller innspel, vender du deg til din tillitsvald eller din leiar, som har ansvar for å bringe det vidare til ressursgruppa.

Per Ivar Kongsvik
kommunalsjef oppvekst

%d bloggers like this: