Ordførarane oppsummerer møtet i fellesnemnda

I går møttest den mellombelse fellesnemnda før det felles kommunestyremøtet på torsdag. Sjå video med ordførarane si oppsummering av møtet.

Måndag gjekk den mellombelse fellesnemnda for Volda og Hornindal kommunar ein gjennomgang av sakene som skal opp i kommunestyra i begge kommunar seinare denne veka.

Torsdag 1. juni skal både Volda og Hornindal først møtast til ei felles samling, før dei to kommunestyra går kvar til sitt og skal deretter røyste over dei same sakene.

Under fellesnemndmøtet måndag var det stort sett nokså stor semje om dei aller fleste sakene, men saka om namn vart naturlegvis også eit tema denne gongen.

Slik oppsummerer ordføraren i Volda, Jørgen Amdal, og ordføraren i Hornindal, Stig Olav Lødemel, dei viktigaste punkta under måndagens møte: