Organisasjonsutvalet: referat frå møte 26. september

Tysdag 26. september møttest organisasjonsutvalet for første gong etter sommarferien.

På dagsorden skulle møteplan for hausten spikrast, i tillegg til at medlemmene i meir detaljert grad såg på organisering av dei tre politiske nivå i den nye kommunen.

Desse tre nivåa er kommunenivå, nemndsnivå og grendenivå.

Eit tema som vart drøfta på møtet, var korleis ein best mogeleg kan organisere grendeutvala i den nye kommunen. Leiar for utvalet, Jørgen Amdam, føreslo følgjande to alternativ:

  1. «Paraplyorganisering» – ein kontaktorganisasjon for kvar av sonene ovanfor – men som kan inkludere fleire grendelag.
  2. Samanslåing til 1 til 2 grendelag i kvar av sonene (Volda sentrum, Hornindal, Folkestad, Lauvstad, Mork).

Ei felles oppfatning frå Organisasjonskomiteen er at bodskapen må vere å gjere grendeutvala sterkare og gi dei meir «makt».

Fullt referat finn du her, eller ved å gå inn på sida «Dokument og protokollar» (sjå under).

Dokument og protokollar