Tysdag 26. september møttest organisasjonsutvalet for første gong etter sommarferien.
På dagsorden skulle møteplan for hausten spikrast, i tillegg til at medlemmene i meir detaljert grad såg på organisering av dei tre politiske nivå i den nye kommunen.
Desse tre nivåa er kommunenivå, nemndsnivå og grendenivå.
Eit tema som vart drøfta på møtet, var korleis ein best mogeleg kan organisere grendeutvala i den nye kommunen. Leiar for utvalet, Jørgen Amdam, føreslo følgjande to alternativ:
- «Paraplyorganisering» – ein kontaktorganisasjon for kvar av sonene ovanfor – men som kan inkludere fleire grendelag.
- Samanslåing til 1 til 2 grendelag i kvar av sonene (Volda sentrum, Hornindal, Folkestad, Lauvstad, Mork).
Ei felles oppfatning frå Organisasjonskomiteen er at bodskapen må vere å gjere grendeutvala sterkare og gi dei meir «makt».
Fullt referat finn du her, eller ved å gå inn på sida «Dokument og protokollar» (sjå under).