Over 350 har allereie førehandsrøysta

Person røyster ved kommunevalet

Førehandsrøystinga går bra, dryge to veker før valdagen.

Det er dryge to veker att til valdagen for det komande kommunestyre- og fylkestingvalet.

Valansvarleg Inger-Johanne Johnsen kan opplyse om at over 350 personar har allereie førehandsrøysta til valet, som ein kan gjere fram til fredag 6. september.

Det er noko lågare oppslutnad i førehandsrøystinga til kommuneval enn ved Stortingsval, men samanlikna med valet for fire år sidan er det førebels gode tal for «nye» Volda sine veljarar.

Om du vil førehandsrøyste, kan du gjere dette ved kommunehuset Smia i Hornindal eller ved rådhuset i Volda.

Veljarar som på grunn av sjukdom eller uførleik treng hjelp til å røyste heime, må søkje om dette innan 3. september. Det gjer ein ved å ta kontakt med servicekontoret i Volda anten per telefon eller e-post.

Videointervju med Inger-Johanne Johnsen