Positivt møte med helseføretaket

– Ting er i ferd med å setje seg og bli avklart, oppsummerer leiar i Fellesnemnda, Stig Olav Lødemel.

I går, onsdag, var representantar frå høvesvis eigar- og fagavdelinga i Helse Midt-Noreg på besøk i Volda. Agendaen for møtet var å avklare status i samband med kommunesamanslåinga og tilknytning til helseføretak for Nye Volda kommune

Møtet var initiert av Helse Midt, som ønskte å utveksle informasjon med nye Volda, drøfte prosessen rundt helseføretak i kommunereforma, dele nausynt faktagrunnlag, drøfte sentrale problemstillingar og diskutere forventningar til den videre prosessen fram mot 2020.

Leiar i Fellesnemnda for nye Volda, Stig Olav Lødemel, var godt nøgd etter møtet med helseføretaket.

– Vi fekk vite at ting er i ferds med å setje seg og bli avklart med tanke på helseføretaksgrensene og dei utfordringane vi har sett rundt dette, seier Lødemel, som også legg til:

– Helse Midt overtek heile nye Volda kommune og ser vi fram til. Dei utfordringane vi har hatt i Hornindal sin del av den nye kommunen er no i ferd med å bli historie.

Skal vere fleksible grenser

Samanslåingsprosjektet Hornindal/Volda er i ein nokså spesiell situasjon, ettersom det er to kommunar som høyrer til to ulike reginonale helseføretak (Helse Midt og Helse Vest).

Ifølgje Lødemel har dette resultert i at det har oppstått situasjonar der utrykkingskøyretøy ikkje har kunne frakta pasientar frå Hornindal til Volda sjukehus, som ligg nærare i reisetid.

Der fekk både Lødemel, rådmann Rune Sjugard, Volda-ordførar Jørgen Amdam og helse- og omsorgssjef Svein Berg-Rusten tilbakemelding frå helseføretaket om at det ikkje er er ein ønskt situasjon.

I akutte tilfelle, der Akuttmedisinsk kommunikasjonssentral (AMK) finn det nødvendig, skal pasientane fraktast til nærmaste sjukehus – uansett kva helseføretak utrykkingskøyretøyet kjem frå.

– Ingen diskusjon lenger

For innbyggjarar i dagens Hornindal vil det verte ein kortare veg til Volda sjukehus enn til Førde. Og sjølv om det ikkje skal endeleg handsamast av Helseføretaket sitt styre før til sommaren 2019, ligg det i korta at nye Volda kommune skal ligge til Helse Midt-Noreg – og derunder Helse Møre og Romsdal.

Det er noko Fellesnemnd-leiaren gler seg over.

– I heile kommunen får vi fortrinnsvis Volda sjukehus som vårt nærsjukehus og legevakta vert ordna på ein slik måte at ein vert skriven inn på Volda sjukehus. Då vert det ikkje nokon diskusjon kvar vi høyrer til lenger. For der har vi i Hornindal hatt utfordringar heilt sidan Kvivsvegen opna i 2012, seier Lødemel.

*

Frå helseføretaket møtte Sverre Bugge Midthjell og Steinar Bjørås, som representerer høvesvis eigarskapsavdelinga og fagavdelinga i helseføretaket.

Frå nye Volda møtte ordførarane (Jørgen Amdam og Stig Olav Lødemel), rådmann Rune Sjurgard og kommunalsjef helse og omsorg (Svein Berg-Rusten).

Dette sit Stig Olav Lødemel att med etter møtet med Helseføretaket: