Pressekonferanse om grensejustering

Fylkesmannen kallar inn til pressekonferanse for å leggje fram innstilling til ei eventuell grensejustering.

I eit brev til involverte kommunar i fylket, sende Fylkesmannen ut ei kort orientering rundt sluttarbeidet med eventuelle grensejusteringar.

Først i brevet skriv prosjektleiaren for samanslåingsprosessen hjå Fylkesmannen, Vigdis Rotlid Vestad, at sluttmøta i samband med utgreiing og tilråding for dei fem kommunane Gjemnes, Sandøy, Norddal, Stranda og Ørsta vert avlyst.

– Dette på bakgrunn av at vi har to kommunar som har fått utsetting til 15. mars med å sende inn sine høyringssvar. Vi treng difor veke 12 til sakshandsaming – og rekk av den grunn ikkje sluttmøta, opplyser Vestad.

Kallar inn til pressekonferanse

I staden for desse sluttmøta vil Fylkesmannen i staden ringe både til søkjarar og ordførarar i dei aktuelle kommunane og orientere om tilrådinga i dei relevante sakene.

Dette vil skje i løpet av 22. mars.

Dagen etter, fredag 23. mars, inviterer Fylkesmannen både ordførarar, rådmenn, søkarar og andre involverte til pressekonferanse i Ålesund.

Då vil Fylkesmannens innstilling for alle grensejusteringssakene bli lagt fram.

%d bloggers like this: