Protokoll frå Fellesnemnda 16.11.2017

Eit spanande møte sist torsdag der innstilling til nytt kommunevåpen vart presentert.

Mange var truleg spente på å få vite innstillinga til Temakomiteen for nytt kommunenamn og Heraldikk, som ville leggje fram si innstilling til nytt kommunevåpen på dette møtet.

Etter avtale med leiar for Fellesnemnda, Stig Olav Lødemel, fekk komiteen halde si orientering før resten av Fellesnemnd-møtet vart satt.

Komite-leiar Jon Tvinnerreim opna presentasjonen, og la så fram komiteens innstilling – som inneheldt ein kombinasjon av dei eksisterande kommunevåpena til høvesvis Hornindal og Volda.

Les også: Forslag til nytt kommunevåpen

Elles på møtet vart følgjande saker teken opp på møtet:

  • PS 27/17 Eventuell grensejustering mellom Hornindal og Stryn kommunar
  • PS 28/17 Reglement for møtegodtgjersle for Nye Volda kommune
  • PS 29/17 Strategiske satsingar nye Volda – endeleg handsaming

Alle sakene vart samrøystes vedteken.

I tillegg vart følgjande orienteringssaker tatt opp:

OS 19/17 Orientering frå Heraldikknemnda
OS 20/17 Orientering frå prosjektleiar (Sjå presentasjonen her!)
OS 21/17 Landbruksforvaltning i kommunane
OS 22/17 Infoskriv nr. 3/2017 – Nye kommunar i Møre og Romsdal

Du kan lese komplett protokoll her: Møteprotokoll_16.november2017