Protokoll frå Fellesnemnda 22.02.2018

Her er endeleg protokoll frå sist møte i Fellesnemnda.

Sist torsdag var det klart for det andre møtet i Fellesnemnda denne månaden, der det vart tatt ein del prinsipielle saker.

Mellom anna vart det gitt ei uttale til utgreiinga om grensejustering ved Bjørke/Viddal, i tillegg til at Fellesnemnda vedtok kva retning Nye Volda skulle sjå mot i høve tenestesamarbeid og -produksjon.

I tillegg la prosjektleiar Rune Sjurgard fram sitt forslag til ny administrativ hovudstruktur for den nye kommunen.

Vidare vart det diskutert vidare framdrift for nytt kommunevåpen/ordførarkjede, reglement for politiske nivå, orientering om prosjektet «Ny næring på gamle tufter» og like vegnamn i Hornindal og Volda.

Avslutningsvis var det også to korte saker om nye politigrenser og Nye Voldas deltaking i prosjekt om digital kompetanse.

Komplett protokoll frå møtet kan lesast her: Protokoll