PSU: diskuterte arbeidstid for kontortilsette

Kontoradministrasjonen si arbeidstid skal harmoniserast frå 01.01.2020.

Tilsette i kontoradministrasjon i Hornindal og Volda har i dag ulik arbeidstid. Dette gjeld både normalarbeidstid, ytre arbeidstid og rammer for fleksitid og avspasering.

Det er også ulike ordningar for sommar- og vintertid. Dei tilsette som inngår i det vi kallar kontoradministrasjon er dei som har ordinært dagarbeid, og som ikkje er omfatta av anna arbeidstid bestemt i nasjonale eller lokale særavtalar.

Både arbeidsgivar og arbeidstakarorganisasjonane ser det er ein klar fordel om vi går inn i ny kommune med ei felles arbeidstid for denne gruppa. PSU oppmoda partane å samle seg om eit omforeint forslag.

Saka skal endeleg vedtakast av Fellesnemnda/det nye kommunestyret.

Saksdokument frå møtet: