Referat frå møte i organisasjonskomiteen 12.10.2017

Arbeidet med å danne ei ny, politisk organisering i «nye» Volda er godt i gang, og organisasjonskomiteen ønskjer å høyre dine innspel.

Torsdag 12. oktober, rett før møtet i Fellesnemnda, hadde organisasjonskomiteen haustens andre arbeidsmøte. Dei to temaa som dei tok føre seg var organisering av mellomnivået (tenesteutval) og grendeutval.

Mellom anna såg dei på måten Volda og Hornindal er organiserte i dag. Etter gode drøftingar var komiteens oppfatning at Nye Volda kan organiserast på følgjande måte:

  1. Nye Volda skal ha tre tenesteutval for:
    1. Helse- og omsorg (THO)
    2. Oppvekst og kultur (TOK)
    3. Utvikling og forvaltning (TUF)
  2. Utvala skal ha 9 medlemer og minst 5 skal vere kommunestyremedlemer.
  3. Nye Volda skal ha to sett reglement som styrer det politiske arbeidet:
    1. Reglement for forretningsorden m.m. for styre, utval, nemnder og råd.
    2. Reglement for delegasjon.

Komitéleiar Jørgen Amdam legg stor vekt på at han ønskjer tilbakemeldingar og innspel på dette forslaget.

Fullt referat frå møtet kan du finne ved å gå inn på sida dokument og protokollar, eller ved å klikke på denne lenka.