Referat frå møte i styringsgruppa 08.02.2018

Desse sakene tok den administrative styringsgruppa opp på sist møte.

I går, torsdag, møttest den administrative styringsgruppa for andre gong i år. Prosjektleiar Rune Sjurgard innleia møtet med å gå gjennom sitt forslag til ny administrativ organisering i Nye Volda. Denne organiseringa ligg som vedlegg i protokollen.

Vidare vart det drøfta aktuelle saker til neste møte i Fellesnemnda, som vil bli arrangert i Volda 22. februar.

Elles vart det diskutert kven som skal representere Nye Volda i prosjektet om «digital kunnskap i kommunane», i tillegg til å vurdere behovet for konsulentbistand til å vurdere harmonisering, utvikling og organisering av tenestene i helse og omsorg for nye Volda med nøytrale auge.

Pleie/Helse- og omsorgssjefane i Volda og Hornindal vart derfor beden om å utarbeide eit mandat til ei slik konsulentbistand.

Les fullstendig referat her!