Referat frå møte i styringsgruppa 13.10.2017

Før helga hadde den administrative styringsgruppa møte i Volda for å gå gjennom fleire saker.

Sjølv om prosjektleiar Rune Sjurgard fortalde på vår Snapchat-konto at fredag den 13. er ein skummel dag, kunne han slå fast at det ikkje er ein ulykkesdag for Nye Volda.

Og møtet på fredag gjekk heilt udramatisk føre seg! 🙂

Under møtet var det ei rekkje saker som vart diskuterte, og full sakliste finn du under Dokument og protokollar eller ved å klikke på denne lenka.