Referat frå organisasjonsutvalet 7. desember 2017

Utkast til reglement for formannskap, kommunestyre og tenesteutval ferdig på årets siste møte i Organisasjonsutvalet.

Rett før møtet i Fellesnemnda 7. desember hadde Organisasjonsutvalet sitt siste møte for året. På dette møtet vart det hovudsakleg ein grundig gjennomgang av det førebelse utkastet til nytt reglement for kommunestyret, formannskapet og dei tre tenesteutvala i den nye kommunen.

Utvalsleiar Jørgen Amdam gjekk gjennom punkt for punkt i forslaget til reglement, der utvalsmedlemmene fekk høve til å kome med sine innspel og tilbakemeldingar. Etter vel ein times diskusjon og drøfting, såg utvalet seg ferdig med reglementforslaget.

Til neste møte vil Amdam gjere dei endringane som kom fram i møtet og kome med eit endeleg forslag som skal godkjennast i utvalet før det vert lagt fram for Fellesnemnda.

Retningsliner for grendeutval

Utvalet gjekk så vidare på utkastet til retningsliner for grendeutvala i den nye kommunen. Med justeringane frå sist møte syntest utvalet at desse retningslinene no er på plass.

Vidare prosess vil vere å leggje fram forslaga for Fellesnemnda med oppmoding om å få godkjenning til å ha ein drøftingsprosess med grendeutvala, der grendeutvala får høve til å kome med sine innspel til forslaget. Etter dette vil organisasjonsutvalet leggje fram retningslinene på nytt for Fellesnemnda for å gjere endeleg vedtak.

Les fullstendig referat her: Referat Organisasjonsutvalet 071217