Referat frå organsisasjonskomiteen 16.11.2017

Organisasjonskomiteen jobbar vidare med å lage reglement for politiske nivå og retningsliner for grendeutvala.

Det er stor semje rundt korleis den politiske organiseringa kan sjå ut, og til møtet i organisasjonskomiteen 16. november la leiar Jørgen Amdam fram eit forslag til reglement for kommunestyret, formannskapet og tenesteutvala.

Komiteen ser at det truleg vert fornuftig å ha tre tenesteutval, i tillegg til det lovpålagde formannskapet og kommunestyret.

Til utkastet har Amdam teke utgangspunkt i det eksisterande reglementet for Volda kommune. Til neste møte vil komiteen prøve å sjå dette opp imot Hornindal kommune sitt reglement og samkøyre desse til eit nytt, felles reglement.

I tillegg vart det sett på retningsliner for grendeutvala i den nye kommunen. Desse retningslinene ligg også vedlagt i referatet.

Komitéleiar Jørgen Amdam håper å få innspel på det føreslegne reglementet og retningslinene, slik at arbeidet kan ferdigstillast og leggjast fram for Fellesnemnda.

Klikk her for fullstendig referat frå møtet!