Referat frå styringsgruppa 18.12.2017

Denne veka hadde den administrative styringsgruppa sitt siste møte for året, mellom anna for å planlegge det komande året 2018.

Møtet vart innleia med at personalsjefane i Hornindal og Volda orienterte styringsgruppa om arbeidet så langt med omstillingsavtalen. Dette utkastet er no ute på høyring.

Vidare vart det drøfta, saman med personalsjefane, korleis ein ser føre seg vidare prosess på arbeidsgjevarpolitikk, Nye Voldas verdiar og arbeidet med ny organisering. Prosjektleiar Rune Sjurgard ser ser føre seg at den administrative hovudstrukturen er på plass 20. mars. Vidare ser Sjurgard føre seg at ein bemanningsplan for den nye kommunen er klar tidleg i 2019.

I omstillingsavtalen blir det ifølgje personalsjefane lagt opp til ein restriktiv permisjonspolitikk. Personalsjefane ville presisere at dette er spesielt retta mot permisjonar knytt til personar som har søkt og fått jobb andre stadar.

Lovheimla permisjonar (t.d. fødsels- eller sjukepermisjon) eller velferds- og utdanningspermisjonar vert ikkje råka av denne avtalen.

Årshjul 2018

Styringsgruppa sette av god tid til å gå gjennom årshjulet for 2018. Utdrag frå årshjulet:

  • 2. januar: Ny konsulent/personvernombod startar.
  • 1. februar: Møte i Fellesnemnda + eit tilhøyrande seminar.
  • 22. februar: Nytt møte i Fellesnemnda.
  • 1. mars: Prosessleiar IKT/digitalisering startar.
  • 20. mars: Ny adm. struktur skal vere klar.
  • 1. september: intern frist for avklaring av kva avtalar som skal seiast opp i eksisterande Volda/Hornindal.

Grensejustering

I samband med utgreiing om eventuell grensejustering ved Bjørke, har Volda og Hornindal sendt inn datagrunnlag til Fylkesmannen i Møre og Romsdal. Fylkesmannen vil starte utgreiingsprosess, og då vert det ønskjeleg at Fellesnemnda gir uttale til denne utgreiinga.

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane offentleggjorte også denne veka innstilling til grensejustering ved Kjøs krins, der heile krinsen vert tilrådd å flyttast til Stryn kommune frå 01.01.2020. Det er kommmunal- og moderniseringsdepartementet som tek endeleg avgjersle i saka.

Forankring av mandat (heraldikk)

Per i dag har Temakomiteen for nytt kommunenamn og heraldikk sitt mandat etter vedtak i dei to kommunestyra i Hornindal og Volda. Prosjektleiar ser derfor på det som ønskjeleg at det vert gjort eit prinsipielt vedtak der komiteens mandat vert forankra i Fellesnemnda.

I tillegg har Stortinget vedteke endring av kommunelova, som gjev kommunane (i dette tilfellet Fellesnemnda) mynde til å avgjere nytt kommunevåpen sjølve – utan godkjenning av Kongen i statsråd. Dette gjer også prosessen enklare for både Fellesnemnda og temakomiteen.

Kommunikasjonsrådgjevaren vil førebu ei sak på dette til første høvelege møte etter nyttår.

Klikk her for fullt møtereferat!