Rettleiing til utfylling av listeforslag til valet 2019

Den 1. april er det frist for å levere inn listeforslag til kommunestyre- og fylkestingvalet. Slik fyller du ut listeforslag.

I forkant av kommunestyre- og fylkestingvalet denne hausten, har Valgdirektoratet utarbeidd ein mal for innlevering av listeforslag.

Det er ikkje eit krav å nytte desse malane, men det vil syte for at forslaga oppfyller vallova sine krav, samt at det gjer arbeidet for valmedarbeidarane i kommunen enklare.

Dei relevante malane kan du finne nedst i denne saka.Dersom listeforslaget ikkje er gyldig, skal valmynda og listestillaren forsøke å få listeforslaget i samsvar med lova.

Malar til listeforslag

For kommunestyre- og fylkestingvalet i 2019, gjeld følgjande krav og fristar:

Formelle krav og fristar

  • Alle partia og grupper som ynskjer å stille til val, må levere listeforslag til valstyret i kommunen eller fylkeskommunen dei ønsker å stille til val i.
  • Frist for å levere listeforslaget er 1. april 2019 kl. 12.00.
  • For parti og grupper som ikkje kjem inn under reglane om forenkla handsaming, må det samlast inn eit visst tal underskrifter på listeforslaget frå personar med røysterett i det valdistriktet lista skal stille.
  • Underskriftene er underlagt teieplikt og skal ikkje offentleggjerast.
  • Ei oversikt over kandidatane sin fødselsdato må følgje ved listeforslaget.

Utvida og vanlege listeforslag

På grunn av samanslåingsprosessane av kommunar og fylker, vil ein del kommunestyre og fylkesting få fleire representantar enn tidligare.

Valdirektoratet har difor utarbeidd utvida versjonar av malen for listeforslag. Merk at:

  • Underskrifter må stå på same ark som listeforslaget for å vere gyldig. Bruk derfor tosidig utskrift når du skal skrive ut malen.
  • Dersom ei liste skal ha meir enn det talet på underskrifter som finst i malen, må det trykkast opp fleire eksemplar av malen.
  • Utvida listeforslag må skrivast ut i A3-format. Også på desse må tosidig utskrift bli nytta.
  • Utvida listeforslag er utforma slik at arka kan brettast til vanleg A4-storleik etter det har blitt skrive ut.

Utfylling av listeforslag

På eitt ark vil ein ferdig bretta mal bestå av to sider for standard A4-format og fire sider for utvida A3-format. På sida(-ene) med listekandidatar skal det stå følgjande:

  • Listeforslagets overskrift
  • Kva for eit valdistrikt forslaget tilhøyrer
  • Kva val forslaget gjeld for
  • Kandidatane som stiller til val

På påfølgjande side(r) skal listeforslaget skrivast under på. Den som skriv må føre opp:

  • Fullstendig namn
  • Bustadsadresse med postnummer
  • Fødselsdato
  • Signatur

Alle som stiller listeforslag skal ha ein tillitsvald og ein varatillitsvald. Ved behod skal dei tillitsvalde ha mynde til å forhandle med valstyret i kommunen/fylkeskommunen om endringar på listeforslaget.

Kven den tillitsvalde er skal opplysast om på listeforslaget:

  • Før opp «tillitsvald», eller «vara» ved namnet til vedkomande
  • Dette bør vere dei to øvste underskriftene.
  • Dersom fleire underskrivarar skal fungere som tillitsvald, med mogelegheit til å trekkje tilbake listeforslag, bør dette også bli opplyst om i listeforslaget. Kontaktopplysningar til dei tillitsvalgte bør også bli opplyst om.