Reviderer møteplanen: Austefjord blir neste krins

Neste møte i Fellesnemnda blir på Austefjord skule.

I utgangspunktet skulle neste møte i Fellesnemnda, den 6. desember, bli heldt på Folkestad. 

På grunn av høyringa av ny skulekringsgrense i området Hornindal, Bjørke/Viddal og Austefjord har prosjektleiar og leiar i Fellesnemnda blitt samde om å flytte møtet til Austefjord.

I etterkant av dette møtet vert det då folkemøte på skulen.

Sakliste til dette møtet vert gjort tilgjengeleg i siste halvdel av veke 48.

Møtet på Folkestad vert derfor utset til første møte etter nyttår.

%d bloggers like this: