Rune Sjurgard: – Føler vi er godt i gang

Prosessen med å danne ein ny administrativ hovudstruktur i nye Volda kommune starta torsdag.

Alle toppleiarane/sektorleiarane i høvesvis Hornindal og Volda kommune – samt dei hovudtillitsvalde – møtte i dag til ei felles samling på Smia på Grodås. Agendaen for samlinga var å starte opp prosessen med å lage ein ny administrativ hovudstruktur i den nye kommunen.

Arbeidssamlinga starta med at personalsjefane i dei to kommunene orienterte litt om styrker og svakheiter ein har i dagens Hornindal og dagens Volda, samt sjå på kva trugslar og mogelegheiter ein kan ha i ein ny struktur i Nye Volda.

Etter dette gjekk prosjektleiar Rune Sjurgard gjennom framdriftsplan og strategi for denne prosessen, kva som ligg i målsettinga med den nye kommunen, kva utfordringar den nye kommunen vil kunne få og korleis organisasjonsutvalet jobbar med den politiske organiseringa av den nye kommunen.

(saka held fram under biletet)

I den andre halvdelen av samlinga gjekk kvar av sektorane kvar for seg for å «smi» litt på eit førsteutkast, basert på sine tankar og refleksjonar rundt ei ny organisering.  Alle desse tankane vart så presentert for resten av forsamlinga.

Sjurgard tykte det var gode tankar og idear som kom fram, og oppsummerte til slutt at han synest ein har kome godt i gang med prosessen allereie etter første samling.

Framdriftsplanen vert no at ei ny samling den 25. januar der desse tankane skal vidareutviklast. Den 14. februar vil det verte ei utvida samling der alle leiarane får høve til å kome med sine innspel.

Så vert det ei fjerde og siste samling den 28. februar der det skal presenterast eit forslag til modell/organisering.

Etter ei to vekers høyringsperiode frå 1. til 15. mars vert denne modellen så avgjort 20. mars 2018.