Sakliste til fellesnemnda 12. oktober 2017

Førstkomande torsdag, 12. oktober, er det klart for nytt møte i Fellenemnda.

Nokså få saker skal røystast over, og – med unntak av godkjenning av innkalling og referat frå sist møte – er det berre éi vedtakssak. Dette er ei sak om kulturbygging, som er noko revidert frå vedtaket som vart gjort i sist møte (saksnr. PS 16/17).

I tillegg vert det seks orienteringssaker, mange av dei frå prosjektleiar Rune Sjurgard.

Full sakliste med sakspapir kan du sjå her: Innkalling til møte i Fellesnemnda 12. oktober 2017

Møtet vert på møterom Voldsfjorden på Volda rådhus, og startar klokka 14:00. 

Hugs at du også kan følgje med på ting som skjer gjennom vår Snapstory! Om du les denne saka på mobil, er det berre å klikke her for å følgje oss! 😀