Samanslåinga er no heimla i lova

Kommunal- og moderniseringsdepartementet har fastsett forskrift om samanslåinga av Hornindal og Volda kommune.

Rett før juleferien vart det endeleg fastsett forskrift om samanslåing av Hornindal og Volda kommune til «ny» Volda kommune.

– Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD) har i dag fastsett forskrift om samanslåing av Hornindal kommune og Volda kommune frå 01.01.2020. Namnet på den nye kommunen er Volda kommune, heiter det i eit informasjonsskriv frå KMD.

I tillegg til å fastsette namn på den samanslåtte kommunen og tidspunkt for når samanslåinga trer i kraft, fastset forskrifta talet på medlemer i kommunestyret.

Vidare blir det gitt overgangsreglar for lokale forskrifter, kommunale planar og reglar om forliksråd og eigedomsskatt.

Denne forskrifta er fastsett av Kommunal- og moderniseringsdepartementet 19. desember 2017 med heimel i kommunelova § 3 nr. 3 og inndelingslova § 17, jf. kongeleg resolusjon 27. oktober 2017 nr. 1666.

Klikk her for lenke til Forskrift om samanslåing av Hornindal kommune og Volda kommune.


Forskrifta i sin heilskap:

§ 1. Hornindal kommune og Volda kommune blir slått saman til ein kommune frå 1. januar 2020. Namnet på kommunen er Volda kommune.

§ 2. Kommunestyret skal ha 33 medlemer, inntil kommunestyret eventuelt gjer anna vedtak i medhald av kommunelova § 7 nr. 3.

§ 3. Vedtekter og forskrifter som er gjeldande i Hornindal kommune og Volda kommune skal framleis gjelde for vedkomande område inntil nye lokale vedtekter og forskrifter er fastsett av kommunestyret. Frist for fastsetting av nye vedtekter og forskrifter er 1. januar 2021.

§ 4. Fellesnemnda skal sørgje for at samansettinga av forliksrådet til kommunen er i samsvar med domstollova § 27 og § 57 i perioden frå samanslåingstidspunktet til nytt forliksråd trer i funksjon. Fellesnemnda kan slå fast at funksjonstida for dei eksisterande forliksråda i kommunane skal videreførast slik at den nye kommunen har to eller fleire forliksråd i ein periode.

§ 5. Kommuneplanar og kommunedelplanar etter plan- og bygningslova kapittel 11, inkludert arealdelen, gjeld inntil dei blir erstatta av nye planar som er vedtatte av det nye kommunestyret. Reguleringsplanar etter kapittel 12 i lova gjeld inntil dei blir erstatta av nye planar eller at dei blir vedtatt oppheva.

§ 6. I ein overgangsperiode frå 1. januar 2020 til 31. desember 2021 får Volda kommune unntak frå eigedomsskattelova slik at eigedomsskatteregima som gjaldt i Hornindal kommune og Volda kommune kan videreførast for vedkommande område i overgangsperioden i den grad desse var i samsvar med eigedomsskattelova. Ved etterfølgjande endringar i eigedomsskattelova må dei vidareførte eiendomsskatteregima innrettast i samsvar med lovendringane.

Dei vidareførte eiendomsskatteregima kan justerast i løpet av overgangsperioden i den grad den tidligare kommunen kunne gjort dette innanfor rammene av eigedomsskattelova, og formålet er gradvis å oppnå harmonisering av regelverket innad i den nye kommunen.

Frå og med 1. januar 2022 skal eigedomsskatten i Volda kommune vere harmonisert og i tråd med eigedomsskattelova.

§ 7. Forskrifta trer i kraft straks.