Samarbeidar om bibliotek

Hornindal og Volda har inngått vertskommune-avtale for biblioteka.

I fjor sommar slutta Atle Espe som biblioteksjef i Hornindal og fortsette som lærar ved Hornindal skule. Fram til no har Anita Seljeseth vore midlertidig tilsett som bibliotekmedarbeidar det siste halvåret.

No skal biblioteksjefen i Volda, Tove Aurdal Hjellnes, også vere biblioteksjef i Hornindal gjennom ein vertskommuneavtale mellom Volda og Hornindal kommune.

Hjellnes er utdanna bibliotekar og bur i Volda. Ho har vore biblioteksjef i Volda i 32 år.

Ved Volda Folkebibliotek er det fire tilsette og dei vil byte på vaktene i Hornindal. I starten er det Janita Mo (til venstre på biletet) og Tove som blir i Hornindal kvar sine dagar. Mo bur i Ørsta og er utdanna lærar, i tillegg til å ha tilleggsutdanning i informasjon og media.

Takk for innsatsen på biblioteket til Atle og Anita og velkomen til Janita og Tove!

Saka var først publisert på Hornindal kommune si nettside.