Samfunnsutvikling: Formell oppstart av prosjektet

Kommunalsjefen er i gang med sektorprosessen for samfunnsutvikling.

Måndag denne veka arrangerte ny kommunalsjef, Jarl Martin Møller, sektorens første ressursgruppemøte.

Til dette møtet var kommunalsjefen, leiar for teknisk i Volda, leiar for utvikling i Volda og leiar for teknisk i Hornindal til stades. Hovudtillitsvalde frå kvar kommune var også til stades.

Kommunalsjefen innleia møtet med ei orientering om ei mellombels endring i Volda kommune, innanfor teknisk sektor.

Har du sette denne: – Intervju med Jarl Martin

Vidare gjekk kommunalsjefen gjennom ein presentasjon der hovudmomenta frå prosjektnotatet vart gjengitt utan å gå for mykje i detalj.

I tillegg vart det drøfta vidare prosess og lagt ein plan for informasjonsflyt i prosjektet.

Fullt referat frå møtet kan du lese her: Referat_20190128