Samfunnsutvikling: helsing frå Jarl Martin

Gode medarbeidar i sektor for Samfunnsutvikling,

Sommar er ei tid for å koble av, senke skuldrane og vere saman med familie og vener. Ei tid som vi treng for å møte hausten, vinteren og dei mange utfordringar som til stadigheit dukkar opp langs vår veg.

På arbeidsplassen vår er vi i endring. Mykje har skjedd, men meir står att og utfordringane i vår eigen organisasjon skal vi saman løyse til det beste for innbyggarane våre. Det er lokale, regionale og til dels nasjonal forventningar til oss om å ta steg vidare i måten vi arbeidar på.

Dette vil kreve meir av oss i tida framover og målsetjingar om å bygge den beste kommunen med gode og likeverdige tenester til alle krev ein ekstra innsats frå oss.

Vi skal vere opptekne av å utvikle og forsterke oss. Vi skal bygge opp under det vi er gode på og ikkje minst skal vi søkje arenaer der vi utfordrar oss og legg grunnlaget for at Volda kan få nye bein å stå på.

Våre nye bygder som kjem til Nye Volda står for noko nytt som skal vidareforedlast saman med oss og innbyggjarane til det beste for nye Volda.

Utover hausten vil fokuset vere å bygge lag der openheit, tillit, rauit og likeverd står sentralt. Vi må saman vise handlekraft, ha meistringsklima og ikkje minst vere samordna i vår innsats.

Fleire vil få ein ny plass i ein ny organisasjon. Ta utfordringa, bidra og bruk dine ressursar til å skape ein arbeidsplass der godt arbeidsmiljø har fokus.

Fleire takker av frå arbeidslivet og går no inn i pensjonisttilværelsen. Takk til alle dykk som har arbeidd eit langt liv og bidratt til det beste for innbyggarane våre. Nye har kome til, nye vil kome til og sammen med desse må vi legge grunnlaget for eit arbeidsmiljø som byggjer oss opp og dreg oss framover.

Eg ser fram til ein spanande haust der vi ser eit viktig etappepunkt framfor oss. Dette etappepunktet skal vi greie med glans og vi skal alltid vende oss mot nye etappepunkt og milepålar til det beste for dei som bur, besøkjer og arbeider i vår nye kommune.

Eg oppmodar alle om å stimulere til nytenking, involverer andre, vise mot og ha rom for å tenke kreativt saman.

Eg ønskjer deg ein riktig god sommar og ser fram til ein spanande haust ilag med deg.

Ei riktig god sommarhelsing,
Jarl Martin
Kommunalsjef samfunnsutvikling