Samfunnsutvikling: ressursgruppemøte 12.02.2019

Ressursgruppa for samfunnsutvikling diskuterte forslag til ny sektororganisering.

I ressursgruppa sit Kommunalsjef samfunnsutvikling (Jarl Martin Møller),  Leiar for teknisk i Volda kommune, Leiar for Utvikling i Volda kommune, Leiar for teknisk i Hornindal kommune, ein hovustillitsvald frå Hornindal og to hovudtillitsvalde frå Volda.

Kommunalsjefen innleia møtet med å orientere om forslaget til ny sektororganisering, samt prosessen ein legg opp til vidare framover.

Dette forslaget vart så gått gjennom side for side.

Ressursgruppa konkluderte med følgjande:

Grunnlaget kan leggjast ut med dei mindre tekstendringane som kom fram i møtet.

Referatet kan du lese her: Ressursgruppemøte_20190212