Samlerapport frå kartleggingsfase

Innan 1. juni 2017 fekk fleire arbeidsgrupper i oppdrag å levere ein kartleggingsrapport på utfordringar knytt til kommunesamanslåinga mellom Hornindal og Volda kommune.

Desse arbeidsgruppene tok føre seg sine konkrete område i kommunen, som til dømes IKT, økonomi, bibliotek, løn, personal, skule og oppvekst.

For å ha best mogeleg oversikt over funna, har vi samla saman alle rapportane i eit samledokument. Du kan sjå samlerapporten her: Samlerapport

Arbeidsgruppene skulle lage rapport etter følgjande mal:

1. Mandat
2. Arbeidsgruppe – område og namn på deltakarar
3. Kartlagde område – status
4. Hovudfunn – samandrag
5. Prioritering
6. Innspel på område som må avklarast i omstillingsprosessen