Samling i Volda med fokus på adminsitrativ organisering

Sist torsdag, 25. januar, hadde rådmennens leiarteam andre samling med prosess på ny administrativ organisering.

Det er lagt opp til prosess med deltaking for leiarane og dei hovudtillitsvalte i begge kommunane for å få innspel til ny organisering på hovudtruktursnivå.

Neste samling vil vere i Honndalshallen 14. februar. Da vil rådmannen leggje fram eit utkast til ny organisering.

I dette stormøtet vil rådmannen få tilbakemelding frå leiarane og dei tillitsvalte, og så vil rådmannen den 28. feburar leggje fram forslag som vert sendt ut på høyring.

Den endelege organiseringa skal til slutt bli vedteken den 20. mars 2018.

Kva er «administrativ organisering på hovudstruktursnivå»?

Hovudsktrukturen handlar om korleis ein skal dele opp eller samle tenestene i kommunen, og korleis rådmannen si leiargruppe skal setjast saman.

Når denne er på plass startar prosessen med å rekruttere leiarane i rådmannen si leiargruppe. Dette skal vere på plass før ferien.

Etter ferien startar prosessen med å organisere tenesteområda under den enkelte leiar.