Sektorprosess startar etter ferien

Her er prosjektnotata for vidare sektororganisering i nye Volda.

På det første møtet i leiargruppa til nye Volda vart dei komande kommunalsjefane og leiarane for høvesvis økonomi- og personalavdelinga bedne om å sende eit prosjektnotat til komande rådmann Rune Sjurgard. Notata for kvar enkelt sektor kan du sjå som vedlegg nedst i denne saka.

I kvar sektor og i felles stab skal det no settast ned ei ressursgruppe, med deltaking frå arbeidsgjevar og arbeidstakar.

Desse gruppene skal vere ei støtte for sektorsjef i den vidare prosessen, kome med innspel til tema, metodikk og retningsval for å bidra til brei og god involvering.

I kvar av desse ressursgruppene skal det vere representasjon frå hovudtillitsvalte, frå både Volda og Hornindal kommune.

Når det gjeld sektor for Samfunnsutvikling har prosjektleiar Rune Sjurgard satt i gang ein prosess allereie, i påvente av at ny kommunalsjef er på plass.

Det er satt opp datoar for oppstartsmøter i ressursgruppene/prosjektgruppene:

Rådmannens stab, økonomi og personal: 22.08.18 kl 0900-1100

Sektor for oppvekst: 23.08.18 kl 1000-1200

Sektor for helse og omsorg: 30.08.18 kl 1000-1200

Tilbakemelding frå dei hovudtillitsvalde skjer direkte til sektorsjef og til assisterande rådmann for ressursgruppe i stab, med kopi til personalsjef. Gjerne så fort som råd, men i alle fall innan 1. august.

Datoar for ulike fellessamlingar til hausten vil kome ved seinare høve.

Prosjektnotat:

Prosjektnotat 1 Helse- og omsorg

Prosjektnotat 1 Rådmannens stab, økonomi og personal

Prosjektnotat oppvekst nye Volda kommune 13.06.18