Seminar om velferdsteknologi i Volda

Nye Volda kommune inviterte til seminaret «Kick-off velferdsteknologi» for innbyggarar og medarbeidarar.

Svein Berg-Rusten på 1 - Klikk for stort bileteMed humor frå ein engasjert kommunalsjef for helse og omsorg, Svein Berg-Rusten, vart deltakarane ønskt velkomen.

Han hadde fått på seg klesdrakt som passa godt for eit «Kick-off».

Ann Kristin Langeland 1 - Klikk for stort bileteRådmann i Hornindal, Ann Kristin Langeland, opna seminaret om velferdsteknologi.

Spørsmålet om korleis teknologi kan bidra til tryggleik, fridom og meistring vart stilt.

Gjennom seminaret fekk deltakarane svar på ein del av dette.

På seminaret fekk deltakarane informasjon om planar for innføring av velferdsteknologi i helsetenesta i nye Volda.

Dei fekk høyre om nye ting som kjem og høve til å sjå utstyret som vert nytta og som kommunen skal gå i gang med.

Deltakarane fekk også høyre om erfaringar frå pårørande, om korleis velferdsteknologi har endra kvardagen i familien.

Det vere seg digitale kalendrar eller GPS.

Hildegunn Utgård - Prosjektleiar i Velferdsteknologi Sjustjerna - Klikk for stort bileteHildegunn Utgård, prosjektleiar i Sjustjerna omsorg, orienterte om kva velferdsteknologi eigentleg er.

Ho fortalde at målet i Sjustjerna er å vere i førarsetet for teknologiske løysingar.

Kommunane skal ta i bruk teknologi for å legge til rette for og hjelpe dei som treng det. Ein skal gripe mulegheitsrommet som er der.

Om dei varme hendene og smila vil bli erstatta av alarmar og dingsar?

Nei, men teknologien skal vere ei hjelp for dei som treng det, sa ho.

Vidare fortalte ho at målet er at velferdsteknologien skal vere ein integrert del av tenestetilbudet innan 2020.

Tarjei Vassbotn Velferdsteknologi 1 - Klikk for stort bileteTarjei Vassbotn, som tidlegare har arbeidd for Google, hadde også innlegg.

Han orienterte om ny teknologi og kva mulegheiter desse kan opne for.
Liv Karin Dahl og Svein Berg-Rusten 1 - Klikk for stort bilete

Liv Karin Dahl, pensjonist, fortalte om kva ho synes er viktig.

Her er ho på scena i lag med kommunalsjef for helse og omsorg, Svein Berg-Rusten.

prosjektgruppa for velferdsteknologi 1 - Klikk for stort bileteDet er prosjektgruppa for innføring av velferdsteknologi for nye Volda som hadde invitert til seminaret.

Med i prosjektgruppa er, f.v.:

Jørn Halse, driftsleiar teknisk avdeling i Helse og omsorg, Lars Inge Bjørneset, teamleiar butenesta for funksjonshemma, Camilla Langset Nyland, teamleiar butenesta for funksjonshemma, Malene Rovde, leiar ved tildelingskontoret, Karianne Sveen Orvik, ergoterapeut, Finn Preben Mathisen, IT-konsulent, Elsebeth Melle, leiar heimetenestene, Laila Støve Otterdal, avdelingssjukepleiar i heimetenestene i Hornindal kommune og Astrid Dimmen, einingsleiar heimetenestene omsorgsbustadar.

I oppstarten då prosjektgruppa skulle kartlegge korleis kommunane låg an fann dei at kommunane har meir velferdsteknologi i bruk enn dei først hadde trudd.

Vidare satsingsområde vil vere opplæring av tilsette og interne kurs.

Det skal bli laga til eit demo-rom på omsorgssenteret. Dette rommet skal vere tilgjengeleg for både brukarar, pårørande og tilsette slik at alle som vil kan gjere seg kjent med utstyret.

I første runde er det bestilt inn digitale tryggleiksalarmar, elektroniske dørlåsar og e-rom.

Dette er hjelpemiddel som vil gjere kvardagen både friare, tryggare og enklare for tilsette og brukarar.

Med elektroniske dørlåsar er ein ikkje avhengig av å ha nøkkel, og ein vil til dømes spare tid dersom ein må rykke ut når ein alarm har gått.

Med e-rom, ein Ipad, vil ein få opp informasjon som ein treng til kvar pasient som har omsorgsbolig eller plass på sjukeheim.

Dette vil sikre at den som til ei kvar tid er på arbeid får korrekt informasjon om medisinar og anna som er viktig for brukaren.

Heimetenesten har alt slik løysing på mobiltelefon.

Om prosjektet:

Det er eit fireårig prosjekt som har som mål at auka bruk av velferdsteknologi skal gi brukarane betre høve til å meistre eigen kvardag og bu lengst mogleg heime med god livskvalitet, gi auka tryggleik for pårørande og gi betre og rimelegare offentlege tenester.

%d bloggers like this: