Send oss dine sommarbilete!

Heime i løpet av sommaren? Del feriebileta med oss – og du kan vinne eit nye Volda-krus.

Det nærmar seg stadig ny kommune, og i det høvet ynskjer vi å vise fram mest mogleg av den flotte, nye kommunen vår.

Frå 1. juli til 4. august kan du sende inn dine bilete frå årets sommar i Hornindal og Volda.

Alle bidrag er med i trekninga av ekslusive nye Volda kaffikrus, som vi gjerne vil dele ut til heldige vinnarar. Alle vinnarar vert kontakta i løpet av veke 32 (som startar 5. august).

Korleis delta?

For å sende inn bilete kan du anten;

Hugs å legg att namn slik vi veit kven vi skal kontakte om du skulle vinne! 🙂

Konkurransereglar

Ved å delta, samtykker du til at:

  • Bileta som vert lasta opp kan gjenpubliserast på www.nyevolda.no og på våre sosiale mediekanalar.
  • Vi kan mellombels lagre kontaktinformasjon du legg att, for å eventuelt kunne kontakte deg etter avslutta konkurranseperiode. Informasjonen vert så sletta når vi ikkje har bruk for den lenger.
  • Vi kan publisere namn dersom du skulle vere ein av vinnarane i konkurransen.
  • Dersom du skulle vinne, må hente kaffikruset sjølv ved anten rådhuset i Volda eller kommunehuset Smia.