Sjurgard heldt informasjonsmøte på Smia

Torsdags ettermiddag heldt prosjektleiar for samanslåinga av Hornindal og Volda, Rune Sjurgard, eit informasjonsmøte på kommunehuset Smia i Hornindal.

Intensjonen med møtet var å halde dei tilsette oppdaterte med relevant informasjon rundt kommunesamanslåinga, som korleis prosessen har vore og kva som skjer i fasane framover. Det vart også høve til å stille spørsmål til prosjektleiaren.

Sjurgard presenterte i korte trekk korleis prosjektet er organisert, kva fasar ein har vore/skal gjennom og kva aktivitetar som vert jobba med framover.

Prosjektleiaren var tydeleg på at sjølv med få ressursar vert det det jobba svært godt med å drive eksisterande Hornindal kommune samtidig som arbeidet med å byggje ny kommune held på.

Ordførar i Hornindal, Stig Olav Lødemel, var også til stades under informasjonsmøtet, og syntest det var eit positivt møte. Slik oppsummerer Lødemel informasjonsmøtet: