Sjurgard og Lødemel møtte Bjørke grendelag

Positive møte mellom prosjektleiar, leiar i Fellesnemnda og Bjørke grendelag.

Den 18. oktober skal Fellesnemnda for nye Volda både ha eit politisk møte, før det seinare på kvelden vert eit folkemøte på Bjørke. Begge arrangementa vert heldt på Ungdomshuset Haukly.

I forkant av denne dagen møtte prosjektleiar for samanslåinga, Rune Sjurgard, og leiar i Fellesnemnda, Stig Olav Lødemel, representantar frå Bjørke grendelag denne veka.

Frå grendelaget møtte leiar og nestleiar Nina Viddal og John Inge Bjøringsøy.

Under møtet, som fann stad på Haukly på Bjørke, vart det diskutert kva som skjer framover med tanke på grensejusteringa og kva som er viktig for grendelaget når Bjørke og Viddal no vert flytta over til ny kommune.

Begge partar var samde om at det var ein god tone seg i mellom, og at det var nyttig å starte opp dialog saman før ein går inn i det siste året før kommunasamanslåinga.

Folkemøte

Den 18. oktober vert det altså møte i Fellesnemnda, etterfølgd av eit folkemøte for innbyggjarar på Bjørke og Viddal.

Møtet i Fellesnemnda, som alltid ope for alle for publikum, startar klokka 16:00 i veslesalen på Haukly.

Folkemøtet vert heldt i storsalen på Haukly og startar klokka 18:00, der både politikarar og prosjektadministrasjonen vil vere til stades.

Vi ønskjer alle velkomne!

Stig Olav Lødemel og Rune Sjurgard møtte Nina Viddal og John Inge Bjøringsøy på Haukly.
%d bloggers like this: