Slik blir overgangen frå NOMIL til VØR

Her vert det tømt søppel hos VØR.

På nyåret tek VØR over renovasjonstenestene for innbyggjarar i dagens Hornindal.

Frå 01.01.2020, slår Volda og Hornindal kommunar seg offisielt saman. Dette betyr samstundes at frå nyåret er det Volda og Ørsta Reinhaldsverk (VØR) som har ansvar for renovasjonstenestene til innbyggjarane i dagens Hornindal.

Miljøstasjonen i Hornindal vil halde ope siste gong i regi av NOMIL den 17 desember, og VØR har ansvaret for første opne dag den 7 januar.

For å gi god og nyttig informasjon til innbyggjarane i dagens Hornindal, har VØR laga ei informasjonsside for nye abonnentar.

På denne informasjonssida vil ein kunne finne informasjon om VØR, Hornindal Miljøstasjon, gebyroversiktsorteringsguidetømekalenderbestille innsamlingsutstyr (posar og sekkar til matavfall og plastemballasje) og mykje meir.