Slik blir renovasjonstenestene i nye Volda

Her vert det tømt søppel hos VØR.

Frå 01.01.2020 vil Volda og Ørsta Reinhaldsverk (VØR) levere renovasjonstenester til innbyggjarane i nye Volda kommune.

I samband med kommunesamanslåinga av Volda og Hornindal kommunar, vil VØR ta over som leverandør av renovasjonstenester for heile den nye kommunen.

Det betyr at dagens NOMIL-abonnentar i Hornindal vil gå over til VØR frå nyttår.

Ein slik omstillingsprosess kan skape ein spørsmål, og i det høvet har VØR, Hornindal kommune og Volda kommune møttest for å få avklart ein del praktiske spørsmål.

Kva gjer eg med dunkane mine frå NOMIL?

VØR tek over dunkar frå NOMIL, så det vert inga endring for NOMIL-abonnentane. Det vert derimot levert ut ei raud boks for sortering av farleg avfall og små-elektriske artiklar. NOMIL skal sende full oversikt over abonnentar til VØR.

Når vert det hentedagar?

Hentekalender og informasjonsskriv rundt hentetider i den nye kommunen vil bli sendt ut tidleg i desember 2019. VØR oppmodar abonnentar til å laste ned mobilappen «min renovasjon», der ein kan få varsel og påminning om neste henting direkte på telefonen.

Vert det redusert opningstid ved miljøstasjonen på Grodås?

Det vil verte same opningstider som før, som ordinært er tysdagar kl. 15.00 – 17.00 og kl. 15.00 – 18.00 på den siste tysdagen i månaden.

Korleis vil slamtøming verte handtert?

Tidlegare har det vore Miljøservice som har teke dette i Hornindal. VØR må få oversikt over slamtankar og kven som er tilknytt offentleg avløp (som er om lag 50 % i dag). Så snart dei er klare, vil rutinane for slamtøming gjerast kjende for innbyggjarane.

Korleis vert hytterenovasjon i nye Volda?

Det vil verte same praksis som før, der det vert sett opp samlekonteinarar i hyttefeltet. Abonnentane får tilsendt faktura. Skulle det bli behov for papp- og glassortering vil dette bli vurdert enkeltvis.

Vil det verte gebyr for landbruksplast?

Det vil verte gratis levering av landbruksplast.

Kan eg kompostere heime?

VØR har hatt tilbod om dette i dag.

Vil det verte bemanning frå kommunen?

VØR vil kjøpe bemanning (8%) frå nye Volda kommune lik den praksisen som har vore i Hornindal.