Slik blir sektor for Helse og omsorg

Kommunalsjef Svein Berg-Rusten har gjort vedtak på ny organisering i sektoren sin.

Under møtet i Fellesnemnda 4. april heldt kommunalsjef for helse og omsorg, Svein Berg-Rusten, ei orientering om korleis sektoren kom til å sjå ut når nye Volda kommune vert etablert etter nyttår.

På dette møtet la Berg-Rusten fram ein modell der følgjande avdelingar er underlagt kommunalsjefen:

  • Kommunal legeteneste
  • Helse- og forvaltning (leia av ass. kommunalsjef)
  • Institutteneste
  • Heimeteneste
  • Bu- og rehabiliteringsteneste
  • Rus- og psykisk helseteneste (endeleg organisering i denne avdelinga er enno ikkje fastsett, og det pågår prosess for å avklare dette)

I tillegg ligg også interkommunalt NAV innunder kommunalsjefen. Per tid er det Ørsta som er vertskommune for dette samarbeidet.

Kort tid etter møtet i Fellesnemnda gjorde kommunalsjefen vedtak på organiseringa, som du kan sjå i biletet nedst i saka.

Heile vedtaket til kommunalsjefen kan du sjå her!

– Krevjande, utfordrande og spennande

Kommunalsjefen tek sikte på at leiarar i ny sektor for helse- og omsorg er på plass før ferien. Dette saman med naudsynte delegeringsfullmakter og tydelege forventnings- og rolleavklaringar til den einskilde leiar.

– Å slå saman helse- og omsorgstenestene i to kommunar og samle dei i ein organisasjon har vore krevjande, utfordrande og spennande. Stort engasjement, gode diskusjonar og refleksjonar, gruppearbeid og meiningsutvekslingar har gått føre seg på fleire arenaer, skriv Berg-Rusten i konklusjonen sin.

Kommunalsjefen meiner at ein no har landa ein organisasjon som legg grunnlag for å gi gode og likeverdige tenester til innbyggarane.

Den legg også godt grunnlag for å samordne og samhandle mellom dei ulike avdelingane, og på den måten også sette fokus på ein bærekraftig sektor som skal vere samla omkring tenesteutfordringane.

Slik vert den nye sektoren for Helse og omsorg: