Slik blir sektor for Oppvekst

Kommunalsjef Per Ivar Kongsvik har gjort vedtak på ny organisering i sektoren sin.

Under møtet i Fellesnemnda 4. april heldt kommunalsjef for Oppvekst, Per Ivar Kongsvik, ei orientering om korleis sektoren kom til å sjå ut når nye Volda kommune vert etablert etter nyttår.

På dette møtet la Kongsvik fram ein modell der følgjande avdelingar er underlagt kommunalsjefen:

  • Barnevern
  • Helsestasjon
  • Barnehage
  • Skule
  • Vaksenopplæring og integrering

Kvar av desse leiarane har ein avdelingsleiar. I tillegg til desse avdelingane vil kommunalsjefen også ha ein stab med to fagkonsulentar.

Interkommunalt PPT ligg også rett under kommunalsjefen, der Ulstein kommune per tid er vertskommune for tenesta.

Etter møtet i Fellesnemnda vedtok kommunalsjefen denne organiseringa. Heile vedtaket til kommunalsjefen kan du lese her!

Slik vert den nye sektoren for Oppvekst: