Slik blir sektor for Samfunnsutvikling

Kommunalsjef Jarl Martin Møller har gjort vedtak på ny organisering i sektoren sin.

Under møtet i Fellesnemnda 4. april heldt kommunalsjef for Samfunnsutvikling, Jarl Martin Møller, ei orientering om korleis sektoren kom til å sjå ut når nye Volda kommune vert etablert etter nyttår.

På dette møtet la Møller fram ein modell der følgjande fem avdelingar er underlagt kommunalsjefen:

  • Eigedom
  • Utvikling
  • Brann
  • Veg/Park
  • Vatn/Avløp

I tillegg vert sektoren sine prosjektleiarar samla i ei gruppe, slik at ein kan utnytte den tverrfaglege kompetansen og stimulere til betre erfarings- og kunnskapsdeling mellom prosjektleiar/ar og avdelingane.

Denne organiseringa er no vedteken av kommunalsjefen. Vedtaket kan du lese her!

Møller tek sikte på at leiarar i ny sektor for samfunnsutvikling er på plass før ferien, saman med naudsynte delegeringsfullmakter og tydelege forventnings- og rolleavklaringar til den einskilde leiar.

Avdelingsleiarane som skal inngå i ny sektor skal ha god kunnskap innan sitt ansvarsområde, og skal ha tid og rom til å gje retning til, og leie, dei som skal yte tenestene.

– Organiseringa gjer sektoren tydeleg og oversiktleg, og ei leiargruppe med seks medlemer vil gi ein handlekraftig sektor som er i stand til naudsynt omstilling, skriv Møller i konklusjonen sin.

Kommunalsjefen er oppteken av at den tilsette skal få bruke sine ressursar, slik at organisasjonen som heilskap frigjer energi. Organiseringa gir sektoren ein struktur som skal bidra til god kommunikasjon og samordning på tvers av tenesteområda.

Slik vert den nye sektoren for Samfunnsutvikling: