Budsjettsaker og velferdsteknologi var hovudtemaa under siste Fellesnemnd-møte i 2018.
For å avrunde året 2018 møttest Fellesnemnda for å vedta mellom anna budsjett for 2019 i samanslåingsprosjektet, i tillegg til å gi uttale til Hornindal og Volda kommunar sine budsjett og økonomiplan for perioden 2019-2022.
På saklista kunne ein også finne ei sak om prosjekt om velferdsteknologi, møteplan for 2019, skyggebudsjett og samarbeid om brannvern.
Alle sakene vart vedtekne samrøystes av medlemmene i Fellesnemnda.
Vedtaka:
- Møteplan 2019 – Med nokre små endringar vedtok Fellesnemnda møteplan slik den låg føre.
- Budsjett 2019 (Nye Volda) – Budsjettet vart godkjent av Fellesnemnda
- Prosjekt velferdsteknologi – Fellesnemnda godkjente prosjektplanen
- Skyggebudsjett Nye Volda 2019-2022 – Fellesnemnda tok saka til vitende
- Uttale til Volda formannskap si innstilling til budsjett/økonomiplan – Fellesnemnda tok saka til vitende
- Uttale til Hornindal formannskap si innstilling til budsjett/økonomiplan – Fellesnemnda tok saka til vitende
- Samarbeid brannvern Søre Sunnmøre – Fellesnemnda ønskjer å avvente ei eventuell deltaking i eit slikt samarbeidet til ein har kome lenger i prosessen med Nye Volda.