Slik var Fellesnemnd-møtet i oktober

I tillegg til seks orienteringssaker, var det éi sak som skulle opp til politisk handsaming i Fellesnemnda torsdag ettermiddag.

Det var ei sak om samansetjing av temagruppa som skal jobbe med kulturbygging framover mot etableringa av den nye kommunen.

Volda-politikar Odd Harald Sundal vart frå sist møte i Fellenemnda vald som leiar for gruppa. Det var først lagt fram eit forslag om at gruppa skulle vere på 10 personar, men i ettertid vart dette redusert til følgjande modell:

  • Odd Harald Sundal (leiar)
  • Volda Frivilligsentral
  • Hornindal Frivilligsentral
  • Ungdomsrepresentant frå Volda
  • Ressursperson frå Hornindal

Denne samansetjinga vart samrøystes vedteken av Fellesnemnda.

Vidare i møtet vart det heldt seks orienteringssaker:

  • Prosjektleiar Rune Sjurgard orienterte om prosessen med ny hovudstruktur for den administrative organiseringa av Nye Volda.
  • Else Ragni Yttredal presenterte prosjektet «Nye næringar på gamle tufter» for Fellesnemnda.
  • Sjurgard orienterte om at framtida vil føre med seg nye samarbeid med nye grenser, og det vil bli viktig å bygge gode alliansar framover.
  • Leiar for Fellesnemnda Stig Olav Lødemel orienterte kort om Volda og Hornindal sitt møte med dei to Fylkesmennene i slutten av september.
  • Lødemel orienterte også om siste status rundt bussruter mellom Volda og Grodås.
  • Assisterande rådmann i Volda, Asbjørn Moltudal, la fram ein oppdatert versjon av prosjektplanen for Ny Volda kommune.

Fullstendig møteprotokoll blir lagt til under Dokument og Protokollar så snart den er ferdigstilt.

Else Ragni Yttredal orienterer om prosjektet «Ny næring på gamle tufter»