Slik vert den nye ordførarkjeda

Nye Volda si ordførarkjede vart for fyrste gong vist fram for Fellesnemnda.

I løpet av våren og tidleg sommar har bedrifta TG Design, på oppdrag frå Fellesnemnda, produsert ei ordførarkjede for den nye kommunen.

Denne kjeda har teke utgangspunkt i skisseteikningane som heraldikk-komiteen presenterte for Fellesnemnda tidlegare i år.

Les meir: Fellesnemnda vedtok ny ordførarkjede

På kjeda er følgjande symbol inkluderte: bok, båt, fele, fyr, Honndalsrokken, høvel, idrett (hopp og fotball), Lisjetoren, skulptur (frå Svor-museet), vevstol.

Nokre av desse symbola er kopierte frå Hornindal kommune si eksisterande kjede, som Nye Volda si kjede har teke utgangspunkt i.