Spelte toradermusikk for pensjonistar i Hornindal

Under eit pensjonisttreff på Grodås orienterte Rune Sjurgard om kommunesamanslåinga – og avslutta med å spele på toraderen sin.

Onsdag føremiddag vart prosjektleiar for kommunesamanslåinga av Hornindal og Volda, Rune Sjurgard, invitert til eit pensjonisttreff på Grodås.

Samlinga fant stad på Huset Vårt, og Sjurgard fekk der høve til å fortelje om korleis dei to kommunane no jobbar med å slå seg saman og korleis prosessen vidare fram mot 2020 vert.

Avslutningsvis fekk også dei frammøtte høve til å spørje Sjurgard alt dei lurte på rundt den nye kommunen.

Før det vart meir kakespising på Huset Vårt, takka Sjurgard for invitasjonen til treffet med å spele tre flotte melodiar på toraderen sin.

Du kan sjå og høyre «minikonserten» her:

%d bloggers like this: