Spørsmålsrunde med Stig Olav

Har du spørsmål til leiaren i Fellesnemnda for nye Volda?

Lurer du på korleis det er å vere leiar for Fellesnemnda? Eller kanskje du lurer på kva tankar han har om ny kommune? No har du sjansen til å finne det ut!

I løpet av veke 28 har vi invitert leiaren i Fellesnemnda, Stig Olav Lødemel, til ei lita spørsmålsrunde der han skal svare på dine spørsmål.

Vi tek med så mange spørsmål vi rekk i løpet av hendinga. Videoinnslag frå spørsmålsrunden vil verte lagt ut på våre mediekanalar mot slutten av veke 28.

Frist for å sende inn spørsmål er tysdag 10. juli klokka 23:59.

Blant alle som sender inn eit spørsmål, trekkjer vi ut nokre heldige vinnarar av eit Nye Volda-kaffikrus 🙂

Send inn ditt spørsmål i kontaktskjemaet nedanfor:


%d bloggers like this: